Fellesskap


Vi er skapt til å leve livet saman.

I Storsamling ønskjer vi å vere eit fellesskap der vi får følgje Jesus saman – ikkje berre på søndagar, men gjennom heile livet. Vi trur at kyrkja er meir enn møter og arrangement. Vi ønskjer å vere ein familie der vi kan kjenne kvarandre, dele livet, be for kvarandre, oppmuntre kvarandre og hjelpe kvarandre til å følgje Jesus.


Huskyrkjer


Ein viktig del av fellesskapet vårt er huskyrkjene. Her møtest mindre grupper i heimane for å dele livet og trua i eit nært fellesskap.

I huskyrkja kan det vere rom for å:

  • lese og snakke saman om Bibelen
  • be for kvarandre
  • dele det som skjer i livet
  • stille spørsmål og vere ærleg
  • ete og ha det kjekt saman
  • oppmuntre kvarandre til å følgje Jesus

Vi ønskjer at huskyrkjene skal vere ein stad der det er trygt å kome akkurat som ein er, samtidig som vi får utfordre og hjelpe kvarandre til å vekse i trua.


Eit fellesskap for alle


Du treng ikkje ha vore kristen lenge for å finne ein plass hos oss. Kanskje du har mange spørsmål om tru, kanskje du har følgt Jesus lenge, eller kanskje du berre ønskjer å bli betre kjend med menneska og fellesskapet.


Du er velkommen!


Har du lyst til å bli med i ei huskyrkje, eller ønskjer du å vite meir om fellesskapet vårt? Ta gjerne kontakt med oss.


Vi ønskjer å følgje Jesus saman – som ein familie.

unsplash